Monday, September 14, 2015

Lite eksperiment om tilgang til Google Scholar samanlikna med ni andre baser og katalogar.


Framgangsmåte: Eg søkte på mining AND congo i Google Scholar, sorterte på nyaste fyrst, og samanlikna med det same søket i fyrste trefflista til World Bank Elibrary, EIU, Amazon, Econlit, OECD iLibrary, Oria, Repec, SSRN, ISI Web of Science, også sortert nyaste fyrst. Fant så beste treff frå alle basene og sjekka kor mange som låg i dei fyrste fem trefflistene til Google. Berre eitt samanfallande treff. Eg kunne nok fått betre treff ved å brukt relevans i Google Scholar.

World Bank Elibrary:

Søk på "mining and congo" i Google Scholar, sortert på nyaste fyrst, gir ikkje denne relevante rapporten frå World Bank Elibrary  i dei fyrste fem trefflistene i Google, som fokuserar på korleis gruveindustrien kan brukast som ein spydspiss til elektrifisering og utvikling av Congo : http://elibrary.worldbank.org/doi/book/10.1596/978-1-4648-0292-8 

Economist Intelligence Unit:

Google Scholar si 5 fyrste-treffliste innheld ikkje den siste rapporten frå Economist Intelligence Unit som fortel at " Annual real GDP growth will slow to 7.1% in 2016, from 9% in 2014, as the impact of rising mining and agricultural output is partly offset by inadequate power supplies and as political uncertainties weigh on investment."


 

Amazon:


Econlit:

Dei fyrste fem trefflistene i Google Scholar inneheld heller ikkje treff på artikkelen frå Econlit:  "This Mine Has Become Our Farmland": Critical Perspectives on the Coevolution of Artisanal Mining and Conflict in the Democratic Republic of the Congo, Kelly, Jocelyn T D. Resources Policy40 (Jun 2014): 100-108.

OECD: iLibrary

Dei fyrste fem trefflistene i Google Scholar inneheld heller ikkje African Economic Outlook 2015 frå OECD elibrary

Oria:

Dei fyrste fem (men på den 6!)  treffa i Google Scholar gir ikkje treff på "Mining with a high-end strategy: a study of Chinese mining firms in Africa and human resources implications

Kilde: International journal of human resource management [0958-5192] Cooke, Fang år:2015 side:1 -19"

Repec:

Dei fyrste fem trefflistene i Google Scholar inneheld ikkje Repec-artikkelen: Not only a man's world: Women's involvement in artisanal mining in eastern DRC

ISI Web of Science:

Dei fyrste treffa på Google Scholar gir ikkje treff på "Market reactions to regulations on minerals from the democratic republic of the Congo"

SSRN.com

Dei fyrste fem trefflistene I Google Scholar gir ikkje treff på "Global Supply Chains of Coltan Journal of Industrial Ecology", Vol. 19, Issue 3, pp. 357-365, 2015

No comments:

Post a Comment