Monday, October 26, 2015

Kvifor brukar ikkje juristar Git-teknologien for å lage lovar?

Clay Shirky har ein flott video frå 2012 om kvifor vitskapsfolk, spesifikt juristar, ikkje brukar teknologiske mulegheiter som GIT når det er åpenbart at den både er effektiv og kompatibel med demokrati. Han fortel at det tok 164 år frå erotiske noveller kom, til vitskapsfolk fant ut at trykkjeteknologien kunne brukast for å effektivisere vitskap. Det går framover, men det er heilt klart mange som enno ikkje har høyrt om desse ideane. Lærebøkene innan forskningsjournalistikk og forskningsformidling som er nyleg utgitt tek utgangspunkt i einvegskommunikasjon fordi brukarane vert sett på som ute av stand til å bidra tovegs ser det ut til. http://prosa.no/essay/ingen-sporsmal-er-for-dumme/ Det er nok diverre denne holdninga som ligg til grunn for ordet "formidling" og det vil nok ta litt tid før forskninga ser på "hvermannsen" som noko anna enn "ankelbitarar".

No comments:

Post a Comment