Eg trur ein viktig
grunn til at akademia og samfunnet godtek forlaga si makt, er at forlaga veit
at eliten er redde for sine maktposisjonar i elfenbeinstårnet. Eliten vert
utfordra i heile den vestlege verda av Trump og andre populistiske rørsler for
tida, og Stephen Hawking har skrive om at akademikarane må koma seg ut av
elfenbeinstårnet nyleg i Aftenposten http://www.aftenposten.no/meninger/Verdens-ledere-ma-anerkjenne-at-de-har-mislykkes--Stephen-Hawking-610379b.html
Det kan verke som at me no er i ein slik situasjon som Rufus Pollock beskriv som
sjelen og hjarta i den digitale tidsalderen, som ikkje er teknologi, men
openheit. Denne openheita kan brukast til å utfordre ulikskap og
urettferdigheit, men den kan også forstyrre lagdelinga i samfunnet slik William
Tyndale fjerna presteskapet sitt profesjonelle monopol på å tolke den latinske
bibelen ved å omsetje bibelen til engelsk slik at kunnskapen vart opne opp for
folket. Tyndale opererte illegalt med mange likheitstrekk som SciHub https://en.wikipedia.org/wiki/Sci-Hub
gjer i dag, og omsette bibelen i skjul og måtte smugle den inn til England. Til
slutt vart han forrådt av ein ven, og brent på bålet. Open vitskap har den
sosiale sprengkrafta i seg som kanskje medfører at forlaga har ei forhandlingsmakt
som ingen selskaper i verda kan matche per i dag. Men på den andre sida, så har
skapar også forlaga også ei gunstig maktfordeling som kan forhindre at
vitskapens uavhengigheit og kreativitet kan korrumpere. Røynslene med
ekkokammer på internett visar at openheit ikkje nødvendigvis vil løyse alle
problemer. Til dømes så er har Dominic Pettman skrive boka «Infinite
Distraction» som handlar om at det vert vanskelegare å skape sosiale rørsler
for sosial endring på nettet: http://www.polity.co.uk/book.asp?ref=9781509502264
Og, det er langt frå sikkert at det går an å dyrke fram den essensielt viktige
kvaliteten som vitskapen kan bidra med i eit open vitenskap-regime, for
mennesket er biologisk utrusta for å byggje allianser. Men no er det eg kallar
den «sirkulære vitskapsmodellen» i ferd med å verte såpass utvikla at eg trur
det berre er eit tidsspørsmål før den vil overta for det eg kallar den «lineære
vitskapsmodellen». Finland er i ferd med å implementere den sirkulære modellen,
og nesten kvar dag så ser eg nyhende om at sterke vitskapelege mijøer og fond satsar
pengane sine på den «sirkulære modellen». Dei store forlaga vert tvinga til å
delta i den «sirkulære modellen», til dømes https://www.holtzbrinck.com/ som fyrst
kjøpar opp idealistisk open kjeldekode WriteLatex, omdannar den til Overleaf,
og implementerar den i Open Science Framework. No ser eg at forlaga som er
avhengig av inkompatibiliteten som Microsoft Word dreg med seg, og omdannar til
det dårlege formatet PDF, byrjar å omdanne PDF tilbake til XML, nøyaktig som
open vitskapsrørsla har tilrådd i mange år. Men dei er med, men svært
motvillig.
Forlaga driv ikkje
utviklinga mot «sirkulær vitskap»-modellen, tvert imot, men når dei ser at dei
må vere med, så er dei det. Det visar etter mi oppfatning tydeleg at Triple
Helix modellen med universitet-stat-næringsliv no bør utvidast til ein fjerde
sektor som er sivilsamfunnet, og som inkluderar individuelle initiativer både i
og utanfor akademia. https://innovation-entrepreneurship.springeropen.com/articles/10.1186/s13731-016-0044-x
No comments:
Post a Comment